torsdag 30. april 2009

Underhalde??

Har du lyst til å tale, synge, underhalde eller snakke på noko anna vis set vi sjølvsagt stor pris på det. Ta då tidlig kontakt med toastmasterane våre:

Ellen Eimhjellen Blom, tlf. 91125943
Anders-Johan Almås, tlf. 95709903

X2 tindebestigning i helga. Dette er også NM i år, so da blir spanande.

mandag 27. april 2009

Litt meir på plass.. + meir fjell:)




Her ei natt drøymde eg at bryllaupsdagen var komen og at eg ikkje hadde gjort noko som helst av førebuingar. Nervane ligg visst ein plass i underbevisstheita sjølv om eg ikkje kjenner på dei kvar dag akkurat.. No er kjolen klar, dressjakka klar, menyen klar.. tja.. vi har fått 76 positive svar frå gjestane, dessverre nokon avbod, men å få det til å passe for alle er vanskeleg.

Utanom førebuingar har det vore mykje ski og fjell på oss. Sist helg ein fantastisk tur på Jostedalsbreen frå Stardalen og endeleg på Sandfjellet i Angedalen. No i helga har eg vore i Tromsø på rando-konkurranse i regnver og André har jobba og trent; på Blæja og Sandfjellet, denne gongen frå Naustdal.

Eit par foto frå Jostedalsbreen vedlagt..

fredag 17. april 2009

Påsketur:)



Litt fjellturar vart det denne påska og. Starta med avløysing og fjell palmehelga, fekk med oss ein knalldag på Nordre Sætretind og ein forblåst dag på Lissje Eidskirka. Vart nokre dagar med jobbing før eg og Jeanette besteig topp 1004 i Laurdalen på veg til Ørsta. André var på Kolåstinden torsdagen når eg hadde mi fulle hyre med hekkepassering og spydkast i mangekampen på utdrikningslaget. So fikk han feber dessverre, måtte stå over Rypeskarrennet i år. Vi avslutta med Kjerringarenna opp og ned (Bodil), Veirahaldet frå "baksida" (Myklebustheida, Follestaddalen) og 2x Storehesten til slutt. No i veka har me hatt to soldagar på Tindefjellet (nice, Jølster!) og Bergsheia. Puh.




Gleda oss te sol og topptur i helga!!

Utdrikningslag..


Jammen vart eg ikkje overraska med utdrikningslag skjærtorsdag. Mine to forlovara lurte meg godt, med god hjelp av mr. Haugsbø. Det vart ein kjempeartig dag med mange actioninnslag; mangekamp i friidrett, klatring, fjelltur, paintball og ei fin påkledning på kvelden.. Dessverre var det for mykje vind til flyging den dagen, men eg skulle eigentleg utfor med paraglider også. Heldige meg fekk hoppet, så i løpet av 2009 vert det ein tur med paraglider i Ørsta.. Kult! :-) Og takk til alle for ein særs bra dag:-)

Program for dagen

Dagane er faktisk meir rett å seie, sidan vi tek mål av oss til å arrangere bryllaup i tre dagar..

Fredag:
18 og utover: Uformelt samkome på Haugsbø. Enkel matservering og sosialt samvær..

Laurdag:
14.00: Vigsle på Haugsbø
Ca 14.45 - 15.45: Brudeparet skal fotograferast
Ca 14.45 - 15.45: Gjestane solar seg (det blir sol!) på Haugsbø og kosar seg med lett fingermat og noko å drikke
Ca. 15.45: Avreise til Tønna
16.00: Middag og fest på Tønna

Søndag:
10-tida: Frukost/brunch/lunch på Haugsbø

tirsdag 7. april 2009

Har me kontroll?

Er det mange som har spurt oss om i det siste... Og det har me kanskje?? Eller kanskje ikkje? Vi gjer no litt kvar dag i alle fall. Det vi har kontroll på til no, er: "programmet" (ja, vertfall delvis kontroll..), papptallerkenar og plastglas til fredagskvelden og søndagsbrunsjen-lunsjen, kjole (ja, vertfall delvis..), dress (ja, vertfall delvis..), musikk (ja, vertfall delvis.. ), dommar (fullt og heilt), nattmat, mat fredag og søndag (stort sett..), telt (frå full kontroll til absolutt ikkje kontroll til kontroll igjen..), frisør (blir kjekt), viktige papir (vi stolar på at skatt vest har rask handsaming)........... og so har me sikkert ein heil del som bør gjerast som me ikkje kjem på.. Tips???

Og so er det veeeeldig monge som har sagt ja til å kome og det er kjempekjekt!!! Det er berre tre som dessverre ikkje kan kome som me veit om til no. Trur det skal verte ei knakande bra helg, har spesielt god tru på sjølve bryllaupsseremonien akkurat no.

Ønskelister!


Tilbords: http://www.mittgavetips.no/
Søk etter Bodil Ryste eller André Haugsbø og bruk gjestepassordet "storehesten"

Jernia: http://www.jernia.no/
Klikk deg inn på gåvelister, skriv inn Ryste og vips, så er du der.

Glasmagasinet: www2.fordeglassmagasin.no
(ja, det 2talet skal vere der) - brudeparets ønskeliste - innsyn ønskeliste og bruker-id: 5993 og pinkode: 4955.

Glasmagasinet har avdelingar i Førde (Førde Glasmagasin), Sogndal (Sogndal Glasmagasin), Bergen (Glass Thomsen), Ulsteinvik (PF Waage), Molde (OE Strande), Trondheim (CI Pedersen), Oslo (Backe i Grensen).

Ønsker som ikkje står på desse listene har me òg!

- gode dyner og puter

- sengekle
- einsfarga store og små handdukar

- knivkvessar og magnetoppheng til knivar (Rosendahl, Eva Solo)

- findukar (kvite, lin?)

- Fotturer i Jotunheimen av Helge Standal og co

- Måleri med fjellmotiv

- TELT (Ferrino Svalbar 3manns, eller Helsport av liknande type - 3manns - 4 sesongstelt)

- Til Nikon D50 speilreflekskamera ønsker vi oss ei ny og "større" linse: 55-200 el.likn.

- Til Nikon D50: solblender til å skru på framme på linsa
- Kjøkkenstøvsugar (liten "handstøvsugar")
- Medisinball 3kg til trening