mandag 27. april 2009

Litt meir på plass.. + meir fjell:)




Her ei natt drøymde eg at bryllaupsdagen var komen og at eg ikkje hadde gjort noko som helst av førebuingar. Nervane ligg visst ein plass i underbevisstheita sjølv om eg ikkje kjenner på dei kvar dag akkurat.. No er kjolen klar, dressjakka klar, menyen klar.. tja.. vi har fått 76 positive svar frå gjestane, dessverre nokon avbod, men å få det til å passe for alle er vanskeleg.

Utanom førebuingar har det vore mykje ski og fjell på oss. Sist helg ein fantastisk tur på Jostedalsbreen frå Stardalen og endeleg på Sandfjellet i Angedalen. No i helga har eg vore i Tromsø på rando-konkurranse i regnver og André har jobba og trent; på Blæja og Sandfjellet, denne gongen frå Naustdal.

Eit par foto frå Jostedalsbreen vedlagt..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar