Ein kan ikkje vere ørsting utan å ha vore på Slogen, føle eg. Og ein kan ikkje vere toppturentusiast utan å ha vore på Slogen på ski... Derfor vart ein tur på Slogen i sola høgt prioritert denne helga. Vi gjekk inn Langseterdalen frå Urke, og den va no som vanleg lang - litt for lang for tungt utstyr.. Men, men, det va sol og nydleg ver, so me klaga ikkje. Gjekk vidare opp te Steinreset og ryggen bortover mot sjølve ryggen på Slogen. Smakte litt på høgdeskrekken, men kom meg greit opp - og frå toppen va det som vanleg ei steikjandes fine utsikt. Fekk klar beskjed frå lokal kjentmann dagen før om at skina måtte vere med heilt opp - og det vart dei, so vi kjørte heilt frå toppen på ski. Litt dårlig glid gjor at det ikkje vart den heilt store farta, men det va no kjekt lell.
No sosa eg litt på nettet før eg skal lage 75 "menykort" ettepå... Seinare på kvelden skal me øve på valsen med Guro Kristin og Espen, kan bli ei latterkule, trur eg..
Hei, Bodil og André
SvarSlettJa, nå nærmer den store dagen seg med stormskritt - tenker dere er spente. Vi fra Bææærgen gleder oss veldig. Håper dere har nerver og planer under kontroll.
Snakkes neste helg og krysser fingrene for godværsdager. Klem fra tante Jannicke