mandag 8. juni 2009

Takk for oss:-)

Her er vi heilt ferskt gifte..!! På veg til fotografering. Bilen er stilig pynta av Anja og Turid.
Hm... Ryste Haugsbø med foreldre tek heilt av etter den gode helga.. Faktisk einaste familiebiletet vi klarte og rote oss til å ta.

Kl. 03.45: Og jaggu hadde det ikkje vokse eit flott tre i senga vår i løpet av dagen. Rart med det, nokon som føler seg skuldige eller?? Jeanette står for fin pynting til høgre.. :-)
Kvardag..
Då er me faktisk "ferdig-gifta" - og då har me ikkje so mykje å blogge om lenger heller... So då blir det ikkje noko blogging framover, men det har vore kjekt med kommentarar på det me har lagt ut.

Og igjen: Takk til alle gjestane våre for at dokke gjorde helga vår so spesiell. Vi følte eigentleg at heile helga var MAGISK, og vi sitte igjen med ein heil drøss gode minner. Alt va bra, syns vi. Ikkje minst alle gåvene!!! Wow! No e det berre å kome på kaffibesøk, middagsbesøk, frukostbesøk, overnattingsbesøk, galleribesøk, bli med på telttur, eller berre legge seg under pleddet i sofaen eller på reinsskinnet framfor peisen (manglar peisen enno, men...).
B & A






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar