Viser innlegg med etiketten Topptur på ski. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Topptur på ski. Vis alle innlegg

lørdag 21. november 2009

Sauesanking på ski

Det er ikkje berre begredeleg ver på Vestlandet. 11.oktober køyrde eg og André til Ørsta for å gå sauesankingsruta frå Bjønnaskaret, over Eggane, til Bukkedalen - på ski. Måtte sjekke om det stod nokon stakkars dyr i snøen. Fann ingen sauer, men mykje god snø :-) Og sol! Hadde ikkje plass til kamera i randosekken, so denne gongen blei det bilete med mobiltelefonen.


Eg e imponert over snømengdene 11.oktober, og jammen va kje det strålande sol også. Svingeforma va derimot noko rusten, men men..

Snart vinter..

Årstida er her, men likevel lite som tyder på at det skal bli fjelltur på ski i næraste framtid. Kan vere greit å sjå tilbake på gode skiopplevingar når ein snart skal ut på 2t springetur i pøsregn.

Dette biletet er frå nyttårsafta 2007, då eg, André og Bjørnar Øye nytta minusgrader og fin laussnø til tur på Kirketinden.Her er Ola Berger og André foreviga på veg ned Fingersida 2. des-07.

Kryssar fingrane for litt anna type nedbør i næraste framtid.